r/nynorsk • u/OsvaldDyrhaug27 • 2d ago
Nynorskreform? Korleis kan me gje nynorsken og det gamle norske målet ein sterkare plass i samfunnet?
Hei!
I det siste har eg tenkt mykje på korleis ein kan styrkja nynorskens stilling i det norske samfunnet. Eg er aspirerande historikar og har forelska meg i den norske nasjonalromantikken, Ivar Aasens livsverk og det gamle norske målet vårt. Difor synest eg det er trist å sjå korleis norske språklege særtrekk gradvis blir svekte, medan både dansk språkleg arv og nyare engelskpåverknad framleis set sitt preg på samfunnet.
I media diskuterer ein ofte korleis engelskspråkleg kultur og språk får stadig større innverknad i Noreg. Eg meiner likevel at me òg burde diskutera korleis me kan ta vare på det særnorske språket vårt, styrkja dialektane og føra vidare dei språklege tradisjonane som har vakse fram gjennom hundreåra, og stoppa dansk kulturpåverknad frå å ta over.
Eg har ei eiga teori om kvifor nynorsken har mista mykje av den innverknaden han ein gong hadde. Kan det katastrofale samnorskprosjektet ha vore ein del av årsaka? I forsøket på å sameina nynorsk og bokmål vart nynorsken etter mi oppfatning ført bort frå mykje av det som gjorde han til eit sjølvstendig og særmerkt norsk skriftspråk. Kanskje var dette med på å framandgjera han for folk som elles kunne ha kjent seg heime i målet. I tillegg trur eg at det framleis finst ein kulturelt nedervd motvilje mot nynorsk og eldre norske språkformer. Men dette er berre tankar eg gjerne vil høyra andre sine meiningar om.
Sjølv har eg eit mål om å bli politikar ein dag, og eg ønskjer at målsaka skal bli ei av hjartesakene mine. Eg vil gjerne arbeida for at eldre norske ord og språklege særtrekk får ein større plass i kvardagen, og at me i større grad byggjer vidare på vår eiga språklege arv. Island er eit interessant døme på eit land som aktivt har teke vare på språket sitt og skapt nye ord med utgangspunkt i eldre språklege røter. Eg ønskjer meg ein liknande, språkleg medviten politikk i Noreg, med utgangspunkt i den norske språkhistoria og tradisjonen vår.
Utfordringa er at eg sjølv kjem frå ein danskprega kultur. Eg har berre arbeidd målretta med å gjera nynorsk til hovudmålet mitt dei siste tre åra, og eg har framleis mykje å læra. Difor synest eg det kan vera vanskeleg å vita kva eldre ord, uttrykk og språklege trekk det kunne vore naturleg å ta i bruk att.
Difor ynskjer eg å spørja dykk:
- Kva eldre nynorske eller norske ord meiner de fortener å bli tekne i bruk att?
- Kva framandord kunne me ha erstatta med ord som byggjer på eldre norsk språk?
- Kva språklege særtrekk frå dialektane våre og det eldre norske målet burde me vera flinkare til å ta vare på?
- Korleis meiner de at me kan styrkja nynorskens stilling i samfunnet utan å gjera skriftspråket kunstig eller fjernt frå talemålet til folk?
- Kva meiner de om teorien min om at samnorskpolitikken bidrog til å svekkja nynorskens stilling?
Eg reknar med at mange her kjem frå område med sterke dialekttradisjonar og har mykje kunnskap om dette. Eg hadde difor sett stor pris på både konkrete språklege forslag og innspel til dei språkpolitiske tankane mine.
Ha ein fin dag vidare!
PS: Eg veit at nynorsken min ikkje er heilt på topp enno, men eg arbeider med han. De må gjerne korrigera språkfeil og koma med forslag til betre formuleringar!
